24 november 2006

Friluftsliv - å overvinna seg sjølv

Eg og Helge står nede i dalen og ser opp på Raudetårnet. Vi står med solid knekk i nakken, for mellom oss og toppen er det ein 200 meter høg, stupbratt fjellvegg. Helge har prata om denne toppen i lang tid. Han er en erfaren klatrar, og har klatra mange storveggar kringom heile landet. Han pratar og pratar om korleis vi skal ta føre oss veggen, kor vi skal fylgja riss og korleis vi skal komma oss opp diederet like før toppen. Sjølv seiar eg ikkje så mykje. Eg har grua for denne turen i lang tid. Heilt sidan Helge foreslo at eg burde prøva ut ein skikkelig storvegg, og eg, som den tosken eg er, bifalla, har det sete ei vond kjensle i magen som eg ikkje er vorte kvitt. Etter kvart som helga nærma seg, og moglegheita for at dårleg vær eller sjukdom kunne redda meg sakte forsvann, har eg nesten vorte kvalm kvar gong eg tenker på det. Og no står eg her, eg har knytt på meg selen, og lyttar til dei siste instruksane frå Helge. Eg har fått overtydd han om at han skal leia alle taulengdane til toppen, og så skal eg komma etter på topptau. Med eit litt for kjekt flir tek han seg opp dei fyrste metrane, og er snart høgt oppe. Tilbake står eg og sikrar. Kaldsvetta renn nedetter ryggen min.

På Vellesetra står litle Gunnar med ei innbitt mine i andletet. Det er tredje dagen dei er på setra, i dag skal dei på langtur, og Gunnar skal vere med. Han har fått eigen sekk i år, og bærer både eigen mat, eige skift og den store termosen. Gunnar fyller sju år denne somaren, og mamma har sagt at no må han og vere med å bære noko av fellesutstyret. Gunnar er ganske stolt over dette, men også litt spent. Han hugsar så altfor godt turen dei hadde opp til fiskevatnet i fjor. Turen hadde starta så fint, og han hadde sprunge ved siden av pappa oppetter stien. Han hadde vore høgt og lågt, og hatt det helt fint. Så hadde dei kome til den lange motbakken, og mamma, pappa og Stine låg plutseleg så langt føre han i løypa. Han hadde etter kvart vorte sliten, og lei av heile turen. Han hadde furta og grete, og tvunge dei andre til å ta mange lange pausar. Til slutt hadde mamma sagt at vi nok ikkje rokk opp til fiskevatnet i dag, og at vi nok berre kunne snu. Gunnar kom tilbake til setra med ei kjensle av å ikkje ha strokke til. Dei andre sa ikkje noko, men han visste at det var han som hadde øydelagd fisketuren. No sto han med sekken på ryggen, og tenkte at dette skulle ikkje skje ei gong til.


Vi har kome til den tredje taulengda, og eg er vettskremd. Den lista eg står på må vere mindre enn ein halv centimeter bred, og under meg er det forøvrig berre 150 meter med tynn, tynn fjelluft. Eg tør ikkje sjå ned lenger, og dreg i tauet over meg for å sikra meg om at det er stramt og fast. Vi har kome til det Helge kallar cruxet, eller det vanskelegaste punktet på ruta. Eg må opp ein ganske høg kant, og gjennom nokre forbistrede fingertak med svært dårleg feste for føtene. For å gjere det heile helt uuthaldeleg er dette det mest luftige punktet på ruta. Dersom eg fell her vil eg hengja og dingla fritt under eit overheng. Eg vil aldri evna å koma meg opp igjen der sjølv, og Helge vert nøydd til å trekka meg opp att gjennom taubremsen. I det eg byrjer forseringa kjenner eg korleis suget nedanfrå veks. Føtene ristar under meg når eg åler meg oppover og bortetter veggen, eg er blank i augo og eit lite hikst unnslepp opp gjennom halsen i det eg merker korleis eg svever over evigheita. Helge må ha kjent angsta mi gjennom tauet, for nå stramar han det kraftig opp, og eg er meir enn takknemleg for at det er eit drag oppover som kan utlikna det fryktelege suget nedanfrå. Etter nokre febrilske tak bortetter er eg forbi det verste, og eg kan kjenna korleis heile kroppen skjelver etter den psykiske kraftprøva. Eg må ha ein pause og samla meg før eg tek meg opp dei siste metrane til standplass.


Mamma og pappa ligg noko foran han på stien. Dei har kome til motbakken, og Gunnar kjenner at det er tungt. Han ser bort på Stine som går ved siden av han. Han skal i alle fall ikkje vere noko dårlegare enn ho. Ho er tross alt berre to år eldre enn han. Han skal ikkje gje seg! Han kjenner at det gjer vondt i låra, og sekken kjennes vond mot skuldrene. Han seier imidlertid ikkje noko, og går det han er kar for oppetter. Heldigvis seier pappa snart at det er tid for ein pause og ein matbit. Dei har kome over halvvegs opp bakken, og Gunnar er skikkeleg trøytt. Han tek sekken av ryggen, finn fram matpakka og termosen og set seg i blåbærlyngen. Han seier ikkje så mykje. Han skal klare det!

Då har vi kome oss heilt til toppen av storveggen, men eg er ikkje noko høgare i hatten enn tidligare. Vi sit nå på eit spir kor det er plass til nøyaktig to personar. Vi har brukt slynger og karabinere for å festa oss til ein bolt som er skrudd fast på toppen, og nå har Helge byrja å prata om rapellen vi skal ta ned igjen. Eg ser ned og byrjar nesten å le, så redd er eg. Helge gjer klar rapellen, og seier at eg må gå fyrst. Eg skal berre fira meg ned til eg ser neste bolt. Der skal eg festa meg til bolten, så kjem han etter og vil gjera alt det tekniske. Eg trykkjar tauet gjennom åtteren, og held krampaktig fast i bremseknuten i høgre hand. Det er det einaste som kan stoppa meg frå å falla dersom eg misser medvitet. Angsten må lysa ut av ansiktet mitt når eg reiser meg og sakte begynner nedfarten. "Legg deg bakover!", "Len deg utover!", seier Helge. For en vanvittig situasjon. Stå på ein fjelltopp med 200 meter under seg, og lena seg bakover. Eg gjer no som han seier, og kjenner korleis tauet held meg. Eg set føtene inn i veggen, og slepp ut meir tau. Det er merkeleg kva ein kan venna seg til. No byrjar eg å verte trygg på at eg ikkje kjem til å falle. Då er faktisk dette ganske kjekt. Eg vert forbigåande nervøs igjen når eg etter kvart ikkje lenger når inn til fjellveggen med føtene, og faktisk berre heng etter tauet på vei nedetter. Dette er sinnsvakt! Eg er letta når eg kjem ned til bolten, og kan klippa meg innpå. Eg dreg tre gonger i tauet, og Helge kjem kjapt etter. Slik går det fleire taulengdar nedetter før vi endeleg står med føtene ved foten av fjellet igjen. Dei siste rapellane har eg vorte tøffare og tøffare, og på slutten prøvde eg meg på ein slags sjølvmorderisk sideveis lianemanøver. Jo nærmare bakken eg kjem jo meir pratesjuk vert eg, og når vi går nedetter dalen går glefsa i eit om kor spennande det hadde vore der og der, om kor redd eg hadde vore, og om kor glad eg hadde vore då det var over. Eg er overlykkelig over at eg har gjennomført, over at eg er overlevd og over at eg har vore med på ein så spennande tur. Tenk at eg gjorde det!


Der er toppen av bakken. Når han har kommet seg opp der seier mamma at det berre er eit kort stykke att. Gunnar kjenner at han er verkeleg sliten. Dei må ha gått i fleire timer. Sekken er litt lettare no etter at dei åt matpakka, men heile kroppen kjennes ut som om den har vore trampa på. Men der er toppen, og han skal opp! Pappa spør om han skal ta sekken, men Gunnar seier stilt at det går greit. Pappa smiler og seier at når dei kjem over den kanten så kan dei sjå vatnet. Gunnar snur seg og ser på Stine. Ho er verkeleg sliten ho med, og Gunnar kjenner seg litt kry over at han klarer seg nesten like bra som ho. No er dei oppe, og den siste biten bort til vatnet går kjempelett. Ved vatnet finn pappa fram fiskestang og slukar. Gunnar ligg imidlerid heilt stilt i graset med eit stort smil kring munnen. Han er heilt utsliten, men berre glad...for han har greidd det han ikkje klarte i fjor. Han har overvunne seg sjølv!

Ingen kommentarer: