22 november 2006

Friluftsliv - nærkontakt med naturen.

Uværet hadde rasa heile natta. Vinden trykka teltet nesten flatt ned mot bakken, og haustregnet piska ytterduken så du nesten kunne synast synd på den. Midt på natta, da stormen tok som verst stod eg opp og pakka utstyret opp i sekken. Eg hadde slege teltet bra opp, og forankra med stein over stormmattene og bardunane, men når naturkreftene tok i som dei gjorde nå, var det imidlertid greit å førebu seg på alt. Det var faktisk ganske fascinerande å liggja god og varm i posen, og høyra korleis elementene herja på utsida. Det kom så nær innpå ein, og ein vart så mykje meir merksam på det. Eg låg lenge og lytta før eg sovna.

Om morgonen hadde vinden gjeve seg, men regnet sila fortsatt ned i ein jamn straum. Eg pakka meg godt inn i varme klede, tok på meg regntøy og støvlar, og la i veg utover myra.
Alt verkar så mykje meir levande når ein er ute i regnet. Sjølv om det er haust friskar vatnet omgjevnadene opp, og gjer fargane sterkare og konturane skarpare. Med dropane trommande på hetta og i ansiktet kjenner ein seg dessutan mykje meir som ein del av alt det ein ser rundt seg. Det er herleg!


Når eg går over den grønraude torvmosen søkk føtene nesten nedi til støvleskaftet. Snart er eg imidlertid forbi våtmarka, og nærmar meg barskogen. Det var her eg kvelden før hadde sett tiuren vagla seg høgt oppe i granbaret. Det er ingen teikn til han no lenger, så eg trykkjar på inn i skogen. Her inne er ikkje regnet så tett, og berre dropar frå greinene gjer at eg må halda hetta på vidare. Det tjukke nåledekket er mjukt, og godt å gå på. Det avslører også at det har vore andre her tidlegare i dag. Dei store hola i dekket kan berre stamma frå skogskongen sjølv. Han har ikkje hatt det travelt, for eg kan sjå fleire stadar at det er heilt opptråkka kring granleggane. Eg kan sjå korleis han har strukke hals, og ete av dei nyaste skota langt oppetter trea. Han får nyta det medan han kan. Om berre nokre uker kan snøen ha lagt seg, og då kan han trengje kvar ein munnfull om han skal klara seg gjennom vinteren.

Det går radig oppetter, og snart er eg oppe i lauvskogbeltet. Eg fylgjer eit gamalt tråkk oppetter, og går med faste og stødige skritt. Utanom klukkinga frå regnvatnet som sildrer nedetter lia, og regndropane som treffer det visne løvverket er det ikkje så mange lydar å spore. Dei fleste fuglane er dregne no, og standfuglane held seg klokeleg innomhus i dette været. Eg tek ein pust i bakken rett før eit bratt parti. Her får eg litt ly innunder ein fjellknaus som stikker seg litt fram. Eg er imidlertid ikkje åleina. Saman med meg sit det ein bukett med avblomstra fjellsildrer, samt nokre tuer med bleikgul fjellstarr. Dei ser noko forpjuska ut no seinhaustes, men likevel er det kjekt å treffa gamle kjende når ein er ute på fjelltur. Eg tek imidlertid eit hastig farvel med dei, for nå vil eg opp og få litt meir vidsyn. Det er ikkje langt no før det tynnast ut blant trærne, og eg kjem over i et gras- og lynglandskap. Her er det lettare å gå, og lufta er ikkje så tett som nede i skogen. Fjelltoppen som er målet for dagen er no heller ikkje langt unna, og etter å ha sprinta opp dei siste metrane av lia gjenstår berre litt småklyving før eg er oppe. Det vert imidlertid ikkje så lett som eg hadde trudd. Då eg var oppe på denne toppen i sommer hadde den soltørka navlelaven gitt glimrende feste for joggeskorne opp bratta. I regnværet på gummistøvlar vert imidlertid dette eit litt større sjansespel, men man ofrar da noko for utsikta. Fyllitten gjev gode tak for hendene, og når eg innimellom tek knea til hjelp så kjem eg meg då opp til slutt.

Eg set meg ned på sekken attmed toppvarden. Regnet har gått over til eit svakt yr nå, og det er deilig å sitja varm og god og skua utover dalen. Langt der nede kan eg skimta den grøne teltduken. Ellers er landskapet måla i hausttrikoloren, raudt, gult og brunt. Det verkar veldig fredelig nå, som om alt liv har gått i dvale, og spent seg i påvente av den komande vinteren. Turen min opp til toppen viste meg imidlertid at livet er tilstede overalt kring meg, rolig tilstedeværande, med kvilepuls, mens det samler krefter til det som skal skje etter vinternatta.

Eg vaknar frå filosoferinga av eiga hutring. Den gjennomblaute ulltrøya klebrar seg no kald mot ryggen min, og eg kjenner at eg har sete stille lenge nok. Eg legg ein stein til på varden før eg takkar for meg og stiltrar meg nedetter stien igjen.

Takk for denne gongen! Me sjåast...

Ingen kommentarer: