26 november 2006

Friluftsliv - eit møte med det ikkje-skiftande


Det er ein tidleg septembermorgon oppe på fjellet. Det byrjer å verta haustleg her over tregrensa. Blåbærlyngen har mista den grøne sommarfargen, sjølv om det heng eit og anna vasstrokke bær att hist og her. Nede i dalen breiar skodda armane sine utover i sidedalane, som ein enorm innlandsis med avleggarar. Ein far og son er på veg oppetter lia. Dei er turvante, og stega går lett. Det er imidlertid tydeleg at sonen anstrengar seg for å halde tritt med faren sine lange sjumilssteg, og då dei kjem opp på ryggen seier faren at det er på tide med ein kvil. Dei vert sittjande å sjå utover, medan pusten langsamt roar seg.

Ved sida av dei på fjellryggen står det ei kjempediger steinblokk. Guten som har ikkje sagt noko på lenge, spør: "Pappa, kor gamal er denne steinen?" Faren grunnar ei stund på spørsmålet før han spør guten tilbake: "Kor langt tilbake kan du hugsa?" "Veeell...", guten trakk litt på det "...eg kan i alle fall hugsa den fyrste jula vi hadde heime hjå bestefar og bestemor. Det er ganske lenge sidan."
Faren klør seg litt i skjegget før han sier: "Dei fleste stråa og lyngen kring oss her kan nok hugsa like langt, gut." "Denne karen her derimot har nok bedre hukommelse enn som så." "Han har sett ting som hendte lenge før både eg og bestefar vart fødde." "Har dere hatt om vikingane på skulen?"
"Ja", sa guten, "det var krigarar som levde her i landet då ein berre hadde hytter å bu i, og som brukte sverd og skjold, og som rodde i kjempestore båter med dragehovud."
"Vel", sa faren, "det kan godt henda at det har sete ein viking på denne steinen her, for han er mykje eldre enn dei."
"Å", sa guten. "men kva med då dei krossfesta Jesus då?" "Det er jo fleire tusen år sidan!"
"Det er riktig, gutt." "Det er utruleg lenge sidan det hendte, men denne steinen hadde ligget her i mange tusen år allereie då." "Då menneska budde i holer og under open himmel, lenge før dei kunne skriva og rekna, og før det i det heile teke budde menneske her i landet, stod denne steinen her akkurat som han gjer no, og stirra nedetter dalen."
"Men då må denne steinen ha vore her alltid" Han må vera det eldste som finst i verda!"
"Nei", sa faren. "Steinen er nok mykje eldre enn noko menneska kan hugsa, men han vert berre ein smågut samanlikna med fjella kring oss her." " Dei er noko av det eldste som finst." "Steinen vart nok frakta hit av en kjempestor isbre for mange tusen år sidan, og vil nok liggja her heilt til det kjem ein ny isbre og fraktar han med seg vidare." "Fjella derimot er eldre enn til og med isbreen, og vil liggja her også lenge etter at steinen har forsvunne."
"Forandrar dei seg aldri då, pappa?", undra guten.
"Jo, dei endrar seg, til og med dei." "Men naturen har si eiga tid, ei som er så utrolig mykje meir tålmodig og annleis enn menneskets travle kvardag." "Naturen er ikkje tidlaus, men historielaus når menneska vil bruka sine mål og begrep opp mot han." "Fjella låg her før vi kom, og vil liggja her lenge etter at vi har drege, uendra." "Dette er denne roen og tidløysa som gjer at så mange dreg ut hit for å få ein pause frå byliv og sivilisasjon."
Guten vart sittjande ei stund og fundera over det faren hadde forklart før han brått kikker opp på faren, og seier: "Eg er svolten!" "Mamma har sikkert klar middagen no." "Skal vi gå vidare?"
"Ja", sa faren, "vi kan ikkje la maten verta kald." "Du går fyrst."

Så går dei vidare bort langs ryggen, den eine lett løpende med kjappe skritt, den andre med lange, stødige. Snart er dei ute av syne. Berre ein stor mosegrodd stein står att og ser etter dei der dei forsvinn ned i tåkeheimen.




"Du er våknet i et land der alle ting er slik de var, der bare frost og vann
forandrer landskapet gjennom hundreårene. Et land hvor ingenting av alt det
menneskeheten har tenkt eller gjort har satt spor etter seg." (DNT-årbok 1969)





Ingen kommentarer: