28 november 2006

Friluftsliv - terapi og mental storreingjering

Endeleg var eg komen i soveposen. Etter å ha starta nede frå bygda i morgontåka hadde det vore ein lang dag til fots i heia. Fyrst gjennom rustfarga myrer og halsstarrig vierkratt opp frå elva, deretter over berg og hammar, og til slutt ned gjennom lyngheia før eg nådde furuskogen nede i den vesle fjelldalen. Her inne, kor dei tunge greinene danna eit lunt og tørt leie under treleggane, har eg no laga meg til for kvelden. Middagen er eten, og eg ligg no halvveis støtta mot fururota og kikkar inn i flammane frå bålet. Gjennom bardekket kan eg i vest sjå den siste rest av raudfarge forsvinna ned bak horisonten. Silhuetten av omgjevnadane mine vert svakare og svakare, og snart er det berre meg og bålet att. Det føles så fredfullt å liggja her åleine, langt vekke frå andre menneske. Man får tid til å tenkja tankar heilt ferdig, og ikkje minst lytta til kva ein sjølv tenkjer. Roen og fråværet av stress er påtakeleg.

Eg kryp djupare ned i posen, let att augo og legg hovudet bakover mot treet. Ahhh...for en sjelefred! Eg held augo att, og lytter. I byrjinga verker det veldig stille. Etter ei stund byrjer ein imidlertid å sortera lydane kring seg. Den mest dominerende lydane kjem frå bålet. Det piper, hveser, blafrer og smell. Det er mange årganger med kvae og harpiks, samt knusktørr ved, som no tek skapnad som flammedemonar når ein set dei tørre greinene i brann. Med tørr furu på bålet vil ein aldri kjenna seg einsam på fjelltur. Trea over meg lagar ein doven lyd idet tretoppane ristes av den stedige solgangsbrisen. Heilt svakt bakom det heile kan eg høyra klukkinga når det vesle siget frå myra nedanfor samlar opp vatn, og dannar den vesle sildrestraumen som er byrjinga på ei lang reise mot havet.

Så herleg å koma seg ut! Hovudet tømest for alle tankar som er knytta mot arbeid og ansvar. Det er berre meg og naturen. Eg dreg inn fjellufta gjennom nasen, og kjenner humuslukta frå dei mange laga med furunåler som ligg rundt meg og under meg på bakken. Det er ei kvass lukt av villmark, og når ho blandar seg med den stikkande lukta av bålrøyk merker eg at eg vert meir og meir døsig. Eg opnar augo igjen, men augelokka er tunge, og eg vert liggjande med dei halvvegs attletne, og stirra inn i flammane. No kan eg sjå dei demonane eg høyrde tidlegare. Dei dansar som galne inn ei bålet, som i eit eller anna vilt, hedensk rituale. Nokon gonger strekk dei seg, og får dei nedste greinene på trea til å krympa seg i heita. Etterpå trekk dei seg tilbake til globasen igjen for å samla krefter til neste utfall. Dei er ville, og slost om føda, som djevlar som sloss om å få fortæra dømde sjeler.

Eg ligg lenge og stirrer. Eg merker at hovudet tømes for alt, og eg tenkjer på absolutt ingenting. Alt er berre her og no, meg og bålet, meg og glørne. Snart er det berre ein stor globase att. Demonane har avslutta seremonien sin, og kviler.

Snart søv eg og...

2 kommentarer:

Eikeli10 sa...

Når går du i gang med blogginga igjen?

Kviskraren sa...

Kanskje når eg får tid til å gå på tur igjen...i 2025.